Status i desse koronatider

Av
Magnus Nag Hatløy
,
March 25, 2020

Som regjeringa har gjort kjent, held norske skular stengt til over påske, altså 13. april. Her på Bildøy held me oss sjølvsagt til dei same retningslinene, men held drifta i gang med nettundervisning!

Status

Som regjeringa har gjort kjent, held norske skular stengt til over påske, altså 13. april. Onsdag 8. april vil det bli gjort kjent om det vert vanleg skule igjen frå 14.4 eller ikkje. Her på Bildøy held me oss sjølvsagt til dei same retningslinene, sjølv om det er rart å drive bibelskulen utan å møte kvarandre på noko annan møte enn via skjermar rundt omkring i landet. Lærarane underviser heimanfrå eller frå studio på skulen og held fram med det i tida som kjem.

Oppstart igjen på skuletunet

Me veit ikkje noko meir enn det du og eg får vite i media, men om du lurte, så går me naturlegvis tilbake til normal undervisningskvardag når råda frå regjeringa og helsemyndigheitene tilseier det.

Kan denne tida brukast konstruktivt?

Me håpar at både studentar og bibelskulevener har det bra heime! Bruk gjerne denne tida til gode stunder i heimen, på digitale møter og kanskje litt for deg sjølv til tid med Gud?


Utleie

Visste du at du kan booke Bildøy til bryllup, selskap, konferanse og kurs? 

Les mer