Romtyper og pakketips


Det nærmar seg skulestart med stormskritt! Laurdag 18. august brakar det laust med opningsfest - og før den tid skal du vel pakke litt?

Slik bor du

Dei tidlegare studentane Astrid, Thomas, Maria og Daniel inviterer deg inn på roma sine. Slik får du sett korleis ein bur på internatet. Astrid bur på stort einerom, Thomas har einerom med hems, Maria bur på einerom og Daniel og romkameraten har dobbeltrom med hems.

Daniels pakketips

3 minutter og 5 sekunder ut i filmen gir Daniel Solbakk deg nokre hendige tips om oppbevaring på romet. Han er tidligere student på KRIK og T2. Han har eit par tips om organisering i skapet og korleis du kan plassere det som ikkje får plass i skapet, men likevel ha det lett tilgjengeleg. Kanskje vil du og ta med deg sykkel?

Andre pakketips

Du klarer gjerne fint å pakke det du sjølv synest du treng til kvardagen, men mamma eller pappa kan kanskje gi tips og? Eventuelt kan eldre syskjen som har gått på internatskule kanskje ha nokre ess i ermet?

Spørsmål?

Om du lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post, gjerne direkte til linjelærar om det gjeld linja.

Lagt ut på juli 10th, 2018
av Magnus
Posted on Nyheter