Min fyrste hjort!


Benjamin har skote sin fyrste hjort! Benjamin med spissbukken.

Hjortefellingsdebut med min fyrste hjort!

For ei kjensle det var! Sjå føre deg spaninga då eg innsåg at no, no er sjansen her! Adrenalinet pumpa, hjartet hoppa. Eg heldt konsentrasjonen, som best eg kunne. Eg heldt rifla roleg nok, sikta. Pang! Kula skaut fart og hjorten måtte gi tapt. Eg klarte det! Spissbuken gjekk ned for teljing og eg kunne telje til ein. Ein hjort på merittlista og appetitt på meir jakt! No var skjelvinga der for fullt. Heile kroppen skalv! Armane dansa ein sigersdans med adrenalinet og jaktlaget gjorde stas på meg.

Hjortejakt på Bildøy

Benjamin Løland går på KRIK på Bildøy Bibelskole. Han har valgt hjortejakt valgfag og får dermed høve til å jakte saman med andre jaktgira medstudentar. Jaktentusiast Håkon Hauge har ansvaret for hjortejakta her på Bildøy Bibelskole. Han er klar for ein jaktprat, når som helst. Me har jaktterreng tilgjengeleg og gode høve til å få jakta hjort. Det ideelle er å ha jegerprøve, rifte og skuddprøve for storvilt klart. Jegerprøva må du uansett ha, sidan du ikkje rekk å ta den før jakta. Det er mogleg å skyte opp på lokal skytebane før jakta i valgfagsveka. Me har kompetent personell og høgt fokus på tryggleiken. Våpenet vert oppbevart forsvarleg i våpenskap.

Jaktlaget Jaktlaget. Julie, Jan-Henrik, Anders og Benjamin.

Lagt ut på januar 10th, 2019
av Magnus
Posted on Nyheter