KRIK på Nordvestlandet


KRIK Bildøy på Slogen! KRIK Bildøy på toppen av Slogen - dronninga av Sunnmørsalpane!

Linjeveke på Nordvestlandet

Det har vort linjeveke på Bildøy bibelskule. Musikk drog til Stavanger og Disippel drog til London. KRIK har brukt linjedagane til å teste ut naturen på Nordvestlandet! Me kjende frisk vind og blest på fugleøya Runde, surfa freshe bølger på Stadt, grottevandra i Dollsteinhola på Sandsøya, naut hytte- og lavoliv i Sunnmørsalpane og ikkje minst vassa me i djupsnø på topptur på Slogen - dronninga av Sunnmørsalpane!

Runde

KRIK nordvestlandet

Stadt - Surfing

Dollsteinhola - Sandsøya

Sunnmørsalpane

Det beste med linja

Klatre kystklipper over bølgesus. Pumpe pudder med snorkel. Kysse snuten på kajakken. På KRIK-linja blir du utfordra både på og utanfor bana. I filmen møter du Marcus som fortel om det beste med KRIK-linja for han.

Les mer om KRIK her!

Lagt ut på september 22nd, 2018
av Magnus
Posted on Hva skjer?, Nyheter